Kategorier
Kva er ein norsk komponist

Kven er ein norsk komponist? – ei tankerekke frå Ingrid Steinkopf

Kor ofte tenkjer du over kva ein komponist eigentleg er? Eg skal tenkje litt på det her fordi det er for meg eit aktuelt tema. Kanskje er det interessant for deg og. Sjølv vil eg kalle meg komponist, men kan eg eigentleg kalle meg det, og kvifor? Eller kvifor ikkje i tilfellet? Er det spesielle retningslinjer ein må følje som komponist for å kunne kalle seg det? Eg vil gå litt djupare inn i omgrepet og sjå litt nøyare på kva den gemene hop, og eg sjølv, tenkjer om dette tema.

Ein kan gjerne starte med å spørje kva ein komponist er. I følge store norske leksikon er ein komponist ein person som skapar musikkverk, gjerne innan ulike sjangrar, kan ha fleire yrker ved sida av, og om komponisten er norsk, har vedkommande gjerne utdanning frå Norges Musikkhøgskule eller Griegakademiet, samt er medlem i Norsk komponistforening. Stemmer dette om den norske komponisten i dag? På papiret kan det kanskje sjå slik ut.

Ein kan gjerne spørje folk på gata kven dei tenker på når dei får høyre ordet norsk komponist. Sannsynet er stort for at mange vil komme på Grieg, kanskje Tveitt, Valen, Sæverud, Nystedt og andre. Dette er ikkje feil for desse var alle komponistar. Dei har to ting til felles; dei var menn og er døde. Utifrå dette er det potensielt ganske mange som ikkje er teke med. Det fins døde kvinner ein burde nemne, som Agathe Backer Grøndal, Maj Sønstevold, Pauline Hall med fleire. Men! Så kjem alle som ikkje er døde, og då blir lista lang, for kven bør ein eigentleg definere som norsk komponist i dag? Er Susanne Sundfør komponist? Ho er kjent for å skrive, produsere og lage sin eigen musikk. Kan ikkje ho då per definisjon verte kalla komponist? Ut i frå artikkelen om komponistar kan ho det, men eg tvilar på at ho er medlem i komponistforeininga.

Eg tenkjer at tida er moden for å opne opp komponistomgrepet og i større grad omfamne personar som ein tidlegare ikkje tenkte på som tradisjonelle komponistar. I følge artikkelen er det ikkje noko som tilseier at Susanne Sundfør ikkje kan verte kalla komponist. Eg veit ikkje kor gode satselærekunnskapen eller formlæra til Sundfør er, men eg tenkjer at med den suksessen ho har, og har hatt med sin musikk, spelar det ikkje noka rolle om ho beherskar det eller ikkje.

Komponist er heller ikkje ein verna tittel, så slik sett kan kven som helst som har laga noko ein kan kalle eit musikkverk, kalle seg komponist. Det oppstår kanskje eit problem om alle skal kunne kalle seg komponistar. Kan det då hende at tittelen komponist ikkje lengre blir forbunde med dei som faktisk driv med komposisjon på eit meir seriøst plan og som gjerne har det som yrke? Det er uvisst korleis det ville blitt. Samstundes kan óg kven som helst kalle seg musikar. Det er heller ikkje ein verna tittel. Om ein ser på det frå den vinkelen, er det nok ikkje alle som driv med musikk som vil kalle seg musikarar, og musikarar som faktisk er musikarar vil nok heller ikkje nekte amatørmusikarar å kalle seg nettopp det.

Så kan ein sjå på definisjonen av kven som kan kallast komponistar. Kven skal definere det? Er det komponistutdanningane? Er det komponistforeininga? Då blir det sannsynligvis ikkje alle som ser seg som komponistar som blir tekne med. Er det mannen i gata som skal definere det? Kan eg definere det? Med min bakgrunn som utdanna musikar både innanfor komposisjon og jazz burde eg gjerne ha eit greitt grunnlag for å i det minste kunne meine noko om det.

Eg synes det er synd at det slik det ser ut i Noreg i dag er ein del som fell utanfor omgrepet komponist. Det kan verke som at det er meir som må ligge til grunn enn det artikkelen frå store norske leksikon legg fram for å bli anerkjent som ein ordentlig komponist, at det er spesielt utvalte som får kalle seg komponist, at ein må ha skrive ein viss mengde verk av spesifikke typar, at ein må ha fått det framført offentleg, at ein må kjenne eller kjenne til visse personar etc. Det avgrensar kva den gemene hop ser på som ein komponist, samstundes som det er mange som per definisjon komponerer som ikkje vil kunne bruke tittelen. Er det nødvendig å avgrense det slik? Kan eg framleis kalle meg sjølv komponist? Og viss ikkje, kva skal eg då kalle meg?

Kjelder:

https://snl.no/komponist

Ingrid Steinkopf (foto Bitkina Anastasia)