Tre komponistar om “den norske komponisten” og alt som høyrer med

Tre komponistar om “den norske komponisten” og alt som høyrer med

Ein panelsamtale på Dokkhuset

Av Solveig Rivenes Lone og Solveig Rønning

Sidan oppstarten av “Kva er ein norsk komponist?” hausten 2021 har prosjektet vore innom fleire ulike tema og har gjeve både nyetablerte og godt etablerte komponistar plass til å fortelje om sine erfaringar. Det har mellom anna dreia seg om korleis det er å vere ein nyutdanna komponist, komponistutdanningane i Noreg, korleis nasjonalitet speler inn på musikken ein skriv, og korleis det er å vere ein komponist i Noreg i dag. Det dei har fortald oss har blitt formidla både gjennom tekstar og innspelte podcastepisodar, samt ein panelsamtale på Dokkuset som fann stad 2. april i år. Paneldeltakarane Ørjan Matre, Rebecka Ahvenniemi og Knut Anders Vestad bidrog til ein spennande samtale som tok opp viktige refleksjonar, og denne teksten er ei samanfatning av noko av det som vart sagt under panelsamtalen.

Det store spørsmålet “Kva er ein norsk komponist?”

Samtalen vart opna med at kvart medlem av panelet vart spurd om deira umiddelbare tankar når dei høyrde spørsmålet “Kva er ein norsk komponist?”. Formuleringa av spørsmålet er heilt bevisst, då det er meininga at det skal vekke fleire tankar. Noko av det første ein tenkjer på er kanskje nasjonalitet og komponisten sin musikalske identitet. Rebecka Ahvenniemi var den første som svarte. Her er ho inne på det noko gamaldagse stereotypiske bilete på ein norsk komponist og framhevar den kulturelle konteksten frå tida dette komponistbiletet hadde sitt opphav, og viser vidare kor langt dette kan vere frå dagens moderne komponist og korleis den ser på seg sjølv og eige virke.

Eg syns spørsmålet “Kva er ein norsk komponist?” er eit ukomfortabelt spørsmål, og eg har prøvd å tenkje på kvifor. Ein får ei førestilling av ein komponist som spring rundt i fjella og blir inspirert av naturen, og så går vedkommande heim og sett seg bak partituret og skriv ut dei ideane vedkommande har fått på fjellturen – som naturlegvis er eit norsk landskap. Og så er vedkommande ein norsk-natur-inspirert komponist. Det er ei slik førestilling ein fort får, ikkje sant, og den veit eg at det er ganske få komponistar i dag som relaterer til. Men den unkomfortabiliteten kjem også frå kva slags forståing – altså historisk forståing – vi har av dette faget. Det heng saman med spørsmålet om ein nasjonal identitet og ei forståing av at ein som komponist uttrykker seg sjølv og sin identitet gjennom musikken. Dette er ei ganske ny forståing som stammar til ein viss grad frå romantikken. Og det er ikkje der komponistfaget har begynt. – Rebecka Ahvenniemi

Det er ikkje noko enkelt spørsmål då, men kva er ein komponist? Er det ein som syng ei vise i barnehagen, er det ein unge som lagar noko på eit keyboard til foreldra? Altså, komponist er ikkje ein beskytta tittel, så alle som laga musikk er jo komponistar.
– Knut Anders Vestad

Knut Anders Vestad hadde ei litt anna tilnærming til spørsmålet, og framhevar dei mange ulike komponistane og formar for komponering som finst, for som han seier, “komponist” er ikkje ein beskytta tittel, og med det kan kven som helst kalle seg komponist. Samtalen gjekk deretter vidare over på musikk og tilknyting til (geografisk) stad, anten det er gjennom komponisten sin bakgrunn eller element i musikken som knytt den til ein stad.

Paneldeltakarane fekk vidare spørsmål om bruken av folkemusikk i komposisjonane deira, då dette er noko fleire av dei har gjort, og som historisk sett er mykje gjort i norsk kunstmusikk sidan nasjonalromantikken. Det er noko som også blir brukt som ein slags markør – noko som seier klart og tydeleg at dette er norsk musikk. Men er det eigentleg slik, og korleis ser komponistane sjølv på det?

Eg har brukt, og jobba med folkemusikarar og med folkemusikk sjølv, og det handlar eigentleg om at det er eit stoff som treff meg veldig. Så kan ein spørje kvifor det gjer det. Men det er ein slags umiddelbar følelse om at dette har noko med meg å gjere. Eg kan språket, eg skjønnar språket, og eg forstår tonaliteten fordi eg på ein måte har ‘fått den inn’. Så det kjennes heilt unaturleg å ikkje ha og bruke det som materiale.
– Ørjan Matre

Her ser Ørjan Matre folkemusikken som eit materiale han kan bruke i sine verk. Dette er jo noko som gjerne blir sett på som “typisk norsk” i kunstmusikken, og samtalen gjekk vidare til korleis komponistane si “norskheit” kjem fram i utlandet, for er det annleis å vere norsk i utlandet enn i Noreg?

Eg har vore involvert i nokre prosjekt i utlandet, kor ein kjem dit og så har dei plutseleg klistra på noko “northern lights” eller eit eller anna sånt, som berre kjennes heilt merkeleg ut – men som dei jo høyrer. Det er ikkje noko dei gjer med vond vilje, dei kan seie “ja, eg høyrer det i musikken din, nordlyset”. Og eg har aldri sett nordlyset i heile mitt liv. Så det kan kjennes litt ubehageleg. Spørsmålet er om ein vil velje å spinne på det, for det er det jo mange som gjer. – Ørjan Matre
Foto: Kristoffer Hylland Skogheim

Støtteordningar og bestillingsverk

Eit anna viktig felt av livet som komponist, er støtteordningar og bestillingsverk. Det er ei viktig inntektskjelde og eit stort arbeidsområde også for våre paneldeltakar, og dei delte nokre refleksjonar rundt dette. Her trakk dei mellom anna fram korleis midlar i støtteordningar vert brukt.

Det er kritikkverdig at den delen som tar mest subsidier i norsk kulturliv, bidrar såpass lite til nyskaping. Det syns eg er meget spesielt. – Ørjan Matre

Ein annan ting er det eg kallar eingongs-verk. Nokon bestiller eit verk, og så blir det framført – “Wow, stor jubel”. Så blir det aldri meir spelt. Det blir lagt i ei skuffe. Så det burde ha vore laga – det er fine støtteordningar for bestillingsverk, men det burde vore støtte for repriseverk eller gjennoppdagelse, sånn at hvertfall – på tysk seier ein at “einmal ist keinmal” [ein gong er aldri] – så hvertfall til to framføringar. – Knut Anders Vestad

I fleire samanhengar er det snakk om gjenbruk av verk. Eg meiner vi heller burde snakke om meirbruk. For eit verk blir betre og betre når det vert framført fleire gongar. Og du går som komponist ofte inn og finpussar og justerer på ting frå framføring til framføring. Og det er ein kjempeviktig prosess. Altså, verket er jo ikkje ferdig når det vert framført første gong, men det har ofte eit langt liv. – Rebecka Ahvenniemi

Som oftast får folk éin sjanse. Til dømes i orkesterverk, pakkar ein alt ein vil gjere på dei 12 minutta – absolutt alt. Og så det blir det aldri meir framført, for det skal jo gjerne vere mykje ekstra slagverk – så det blir stress og styr. Så blir det aldri meir framført. Så derfor bør det bestillast to verk. – Knut Anders Vestad

Den trur eg mange kan kjenne seg igjen i. – Rebecka Ahvenniemi

Vegen vidare

Avslutningsvis retta vi blikket framover, og spurte kva tankar og refleksjonar paneldeltakarane har om framtidas komponistar og framtidas komponistutdanning. Ahvenniemi trekkjer blant anna fram samfunnsperspektivet, og kva plass samtidsmusikken har i samfunnet i dag.

Eg har ei bekymring og eit ynskje. Mi bekymring går ut på at faget over tid – viss det
ikkje er nokon som passar på – mister ei slags verditenking. Den sakte og grundige tenkinga som føregår i dette faget, tenker eg at først og fremst er ei viktig motstemme i samfunnet mot veldig mykje anna som føregår. Uavhengig av format, er det noko med den grundigheita og det å ha ein slags idealisme i beste betydning, altså det å ha noko ein vil med dette, eit samfunnsperspektiv og historisk forståing. Og så er det jo eit veldig treigt fag, altså det tar veldig lang tid å lage noko. Det matchar ikkje saman med det kommersialiserte samfunnet sine tenkemåtar, kor ein vil ha produkt og økonomisk profitt. Og det er det som er frykta og ynsket, at ein klarar å ivareta noko av den grundigheita og seriøsiteten i faget. Og så er eg heilt sikker på at det kjem til å skje endringar over tid.

Det også er veldig interessant korleis populærmusikk, at ein ikkje tenkjer på det som eit onde, men at ein heller kan… Musikksosiolog Rose Subotnik skreiv allereie på 80-tallet om samtidsmusikkens fordømte posisjon i samfunnet. Så vi ser kor vanskeleg det er å på ein måte integrere dette faget i ein større samanheng. Subotnik meinte at komponistar burde legge til side arven sin og heller ta kunnskapen sin med inn i populærmusikken, og integrere det i andre domener i samfunnet. Eg er sjølv ikkje så radikal som Subotnik, men eg tenker at det er eit interessant domene å utforske. For vi slepp ikkje unna, vi kan ikkje plutseleg forandre heile samfunnet rundt oss. Men det blir veldig interessant å sjå kva som skjer framover. – Rebecka Ahvenniemi

Matre og Vestad utdjupar dette med fleire refleksjonar rundt komposisjonsutdanning, og komponistfaget vidare.

Eg opplever at komponistutdanninga i Norge utmerkar seg på eit felt, kontra det eg har høyrt frå utlandet. Det er det at den tar veldig utgangspunkt i studenten sjølv. At ein ikkje blir kverna gjennom ei kvern for å bli til.. “Du skal gjere det og det”. Men i Norge går ein inn, og prøver å finne ut: “kva er det du er interessert i?” , og “korleis kan ein støtte opp mot det?”. Og eg har inntrykk av at det er ei linje ein framleis følgjer i komponistutdanninga som finns.

Om vi skal snakke om utdanning, så har eg jo også barn i barneskolealder, og der er eg litt bekymra for korleis dei estetiske faga vert behandla både på barne- og ungdomstrinn. Dersom vi vil ha interesserte og interessante komponistar eller skapande menneske til slutt, så er det staden å begynne tenker eg. Det er ganske trist å sjå kva dei ikkje blir ‘utsett’ for, rett og slett. Der er det ein stor jobb å gjere. – Ørjan Matre

Framover no har komponistar ein stor fordel. Før kunne ein vere heldig viss ein blei spurt om å lage musikk til teater, NRK, eller norsk film. I dag er det utruleg mykje fleire plattformar for komponistar å få jobbar.  Og det vil nok berre ekspandere i åra som kjem – at det blir fleire arenaer. Difor må ikkje folk låse seg for mykje til at: “nei eg vil berre lage musikk til Oslo filharmoniske orkester”. Ein må opne opp, og jobbe med fleire format. Litt slik som Ørjan snakka om tidlegare – det er blandinga som er bra.

Når det gjeld dette med utdanning, så underviser eg jo mange studentar, og då er eg opptatt av fag som til dømes satslære og det med handverk – at det ikkje forsvinn no i alle maskinerier. Du kan lage og spele inn ting, og ein treng ikkje ha kontakt med instrument før ein peisar det inn i eit partitur. Så den handverks-biten, den akustiske biten kjem nok til å vere sterk. Til dømes at det blir meir og meir vanleg å bruke vanlig orkester i filmmusikk. – Knut Anders Vestad

Men det er veldig relevant – akkurat det. Det har blitt så enkelt å berre mikse litt musikk digitalt, legge det på soundcloud og dele. Ein er ikkje ein gong lenger i stand til å vurdere kva som er kvalitetsmessig spennande, og samtidig er det ikkje eit beskytta yrke. Så det er nokon truslar der. – Rebecka Ahvenniemi

Med denne teksten vil vi vise fram noko av det som vart sagt i panelsamtalen. Ein time går svært fort og det er mykje vi kunne ha snakka meir om, og det er mykje meir som kunne ha vore med i denne teksten, men som det ikkje er plass til. Igjen vil vi takke Ørjan Matre, Rebecka Ahvenniemi og Knut Anders Vestad for at dei ville ta del i samtalen, og for alle dei gode refleksjonane dei kom med.

Sitata er transkribert frå eit opptak som vart gjort av panelsamtalen. Små endringar har blitt gjort for at sitata skal passe eit skriftleg språk, men desse er minimale og har inga påverknad på innhaldet i sitatet.

Foto: Kristoffer Hylland Skogheim