Kategorier
Kva er ein norsk komponist

“Det å gløyme sitt altfor påtrengande eg” – i samtale med Ståle Kleiberg

Gjennom ein lang karriere som komponist er det ein ting som har vore kjerna av Ståle Kleibergs kompositoriske virke – eit ynskje om å seie noko om å vere eit menneskje i verda og “å gløyme sitt altfor påtrengende eg”, slik han sjølv seier det.

I festskriftet Seen Through Different Eyes: A Portrait of Ståle Kleiberg, skreve i anledning komponistens sekstiårjubileum siterast nokre linjer frå eit Helge Torvund-dikt som Ståles personlege og kunstneriske kredo:

“Mitt ansvar er

å bera lyset i min kropp lik ein sirene

eller lik hestehovar under mine augnelokk

Mitt ansvar er å vera kjærleik

der ikkjekjærleik finst”

Den samme inderligheta som er å finne i diktet møtar ein i samtale med Ståle, og skin framfor alt gjennom i musikken hans. Han søkjer tilsynelatande etter ei form for altpåtrengande ro og etter å uttrykkje ei sanning kring menneskets eksistens. “Eg har, som alle andre menneske, ein slags grunnleggjande måte å vere eit menneskje i verden på”, seier han sjølv, og det er dette han vil seie med kunsten. Den kjensla han refererer til er ikkje noko som ein kan mane fram, den må komme uanmeldt og ubevisst. Fyste gong han merka den sjølv seier han var ein gong kor han stod på ei Jærstrand, og brått kom over han ei valdsam ro, og ei uro forsvant.

Dette er kjerna i aksiomet “å gløyme sitt altfor påtrengande eg”, ei setning Ståle sjølv bruker for å oppsummere sitt personlege kunstneriske mål. Det er kjensla som kjem over ein når verda stilner, og ein kan tre ut av seg sjølv. Ståles fyste konsert med utelukkande hans eigen musikk var i 1977, og sjølv om karriera hans byrjer å nærme seg eit halvt århundre, gjennom ei rekkje enorme produksjonar, Grammy-nominasjonar, eit virke som professor ved NTNU og gudane veit kva anna seier han det framleis er sjølve veren og livet han henter inspirasjon frå:

–Det er nok å leve, men så er det mye med livet som gir inspirasjon, og det kan vere så mange forskjellige ting, altså. Ting som alltid har vore sentralt for meg har vore den kjensla av å tre ut av seg sjølv – eg har brukt denne setninga “å tre ut av sitt altfor påtrengande eg”, og det er ei livskjensle eg hugsar eg hadde på eit veldig tidleg tidspunkt, som var veldig knytt til det å vere i eit bestemt landskap.

Det er også herfrå han seier musikken hans stammar:

– Frå meg, frå mitt liv, frå korleis eg oppfattar det å vere menneskje.

Relasjonell kunst

Det er altså det relasjonelle Ståle vektlegg i musikken. Han er ikkje nokon musikalsk vitenskapsmann frå Milton Babbitt-tradisjona, som motsett seg publikummet og trua på at komponistens oppdrag i verda er nær sagt å sitje i eit laboratorium og skapa nye klangar ingen nokon gong har høyrt makan til uten å gje tilhøyraren så mykje som ein tanke. Det som kling i Ståle Kleiberg, både i hans egen musikk og den andre har skreve synes å vere musikk som ser på menneskjet ikkje slik dei ynskjer å framstå, men slik dei faktisk er.

Komponistar som Ravel, Mozart, Debussy, Schönberg og Schubert er døme han trekk fram som har denne evna:

–“Det er noko med det uttrykket, med det blikket på menneskjet som eg oppfattar som sant og samansatt. Dei har eit overbærande sympatisk blikk på menneskjet med alle sine feil og manglar. Eit blikk på det store, det samansatte og det smålige i oss, og dei fangar dette inn i musikken på ein måte som gjer det ekstremt tiltalande for meg.”

Musikk som kling i ein sjølv

Har ein hatt Ståle som førelesar, spesielt i komposisjon, blir ein teken av fokuset på kompositorisk handtverk – å vere bevisst kva som hender i musikken ein skriv, kontrollen over musikalske parametre og kjennskapa til verda som omgir deg og kunsten din.

Bakgrunnen for dette er ikkje noko elitistisk, men han vektlegg handtverket fordi han seier det fører ein nærare å kunne uttrykkje det ein vil med kunsten, og liknar den kumulative naturen av ein kunstnars kjennskap med korleis ein møbelsnekker lærar å lage nye møbel:

  • Eg er jo interessert i å lere så mykje om faget mitt som mogleg, og har jo også eit yrke kor det er forventa at eg skal gjere det, men eg gjør det jo ikkje av plikt, eg gjør det jo fordi eg er interessert i det, av nysgjerrighet, av glede. […] Av det eg lærer tar eg inn det eg kan bruke, og det tenkjer eg ikkje på som å vere ein forskar, men heller som, sei, ein møbelsnekker som lærer meir og meir om faget sitt og i utgongspunktet kan lage ein, to møbelstykkjer, så kan ein lage tre, fire, og så kan du lage interessante variantar av dei, og så vidare.

Estetikken i musikken hans syns å vere langt meir tradisjonell enn andre samtidige komponistar, han breier om seg med nydelege melodiar og utvida, vidstrakt tonalitet framfor skjærande dissonans og atonalitet. Han seier grunnen til det er simpelthen at det er det som er den rette måten for han å uttrykkje seg sjølv. Det er ikkje noko poeng i å berre laga noko ingen har hørt før, seier han, i alle fall er det ikkje det han vil uttrykkje sjølv.

  • Eg var veldig interessert i avant garde-musikk da eg var ung, og som student gjorde eg jo alle de der pliktoppgåvene, men det korrelerte ikkje med det eg ville uttrykkje. Det er ikkje det eg vil seie.

For Ståle er det menneskjet og menneskjet i verda som er fundamentet for musikken hans. Inspirasjona kjem frå veren som menneskje i verda, frå ynskjet om å trå ut av seg sjølv og nettopp å gløyme sitt altfor påtrengande eg.

Av Anders Olai Neerland Kruse

Anders Olai Neerland Kruse (privat)