Introduksjon til prosjektet “Kva er ein norsk komponist?”

Av Solveig Rønning og Susanne Odijk Solbakken

Prosjektet “Kva er ein norsk komponist?” er eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for
musikk ved NTNU og Norsk komponistforening (NKF). Dette prosjektet er ein kommentar til,
og vidare utforsking av spørsmåla som vart stilt då boka Hundre års utakt utkom i 2017, i
høve Norsk komponistforenings 100-årsjubileum. Boka hadde som mål å “gi noen
antydninger om omfanget av […] virksomheten, samtidig som den synliggjør noen av de
viktigste initiativene og vågestykkene”, og å “belyse […] bredden og allsidigheten blant den
relativt ukjente jubilantens medlemmer”.1 Boka skapte debatt i delar av norsk kulturliv, og i
tekstar på nettstaden Ballade.no vart det stilt spørsmål ved kva forteljingar og menneske
som fekk stå i fokus i boka.2 Slike spørsmål er sentrale når det kjem til historieskriving, og
ein må sjå dette i tilknytning til kven det er som skriv historia og kva/kven dei syns er viktige
å inkludere. Spør ein to forskjellege personar kven dei syns bør få plass i ei slik
jubileumsbok kan ein få to forskjellege svar.

Spørsmåla rundt kva komponistar som blir inkludert i boka, kva musikk som er inkludert i
repertoaret, og ikkje minst kven som ikkje er det, er svært sentrale i debatten frå 2017 og i
dette prosjektet. Desse spørsmåla dannar utgangspunktet for prosjektet, og opnar for mange
ulike perspektivar rundt kva det vil seie å vere ein norsk komponist, det å vere komponist i
Noreg i dag og korleis slike ytre kontekstar påverkar musikken. Vi har vald å samle desse
spørsmåla under hovudspørsmålet “kva er ein norsk komponist?”.

Dette spørsmålet er enormt. Refleksjonar rundt “norsk komponist” og kva det vil seie å vere
ein norsk komponist er farga av tida spørsmåla blir stilt. Prosjektet vil i hovudsak ta føre seg
eit stort tidsspenn frå etterkrigstida og til no, men med størst fokus på vår samtid.
Komponistyrket har endra seg sidan då, og det har også det lydlege. Ser ein enda lenger
tilbake enn desse 70 åra, kan ein sjå Edvard Grieg som ein norsk komponist med stor N,
som har ein så stor plass i norsk musikkhistorie at den nærmast er umogleg å sjå vekk ifrå.

Det er nasjonalromantikk og folketonar, Norge Rundt og Dovregubben. Nokre tiår før dette
vart komponisten Martin Andreas Udbye kalla “den norskeste af alle vore komponister”,3
men med dagens øyre som er vand med Grieg som ein slags standard for norsk
(nasjonalromantisk) kunstmusikk, høyrast Udbye sin musikk veldig europeisk ut, og manglar
dei tydelege trekka frå folkemusikken vi seinare kom til å vente oss. Nærare vår tid er Arne
Nordheim ein som tydeleg stikk seg ut, med ein heilt anna lydleg estetikk. Andre
komponistar som Eyvind Alnes, Pauline Hall og Edvard Fliflet Bræin blir framført med jamne
mellomrom, ofte i høve deira eigne jubileum.

Som nemnd gjekk noko av kritikken retta mot boka inn på utvalet av komponistar som vart
representert, eller formulert betre, dei som ikkje vart nemnd. Dette har inspirert samtalar og
refleksjonar rundt kva komponistar som ikkje vert inkludert i bøker og på konsertar. No skal
det også nemnast at vi ikkje har som mål å prøve å rive ned eller ta noko vekk frå norske
komponistar som har fått sin plass i musikkhistoria og på repertoaret. Målet vårt er heller å
presentere ulike perspektiv og gje plass for ulike stemmer, vere ein stad for drøfting og stille
spørsmål ved kanon slik den er i dag. Interessante spørsmål er f.eks. kor mange verk av
kvinnelege komponistar blir framført, og kor ofte står musikk av samiske komponistar på
konsertprogram rundt om i Noreg? Dette er berre nokre eksempel på det vi kan gå inn på.

Dette prosjektet er støtta av både Norsk komponistforening og NTNU. Institutt for musikk
ved NTNU har ei stor fagleg breidde, noko som gjer at studentar og tilsette er særs egna til å
bidra med forskjellege innfallsvinklar og perspektivar på prosjektet og hovudspørsmålet.
Identitet, nasjonalitet og kjønn sett saman med musikk er alle tema som er svært relevante
for hovudspørsmålet, og opnar for fleire spennande samtalar, tekstar og refleksjonar frå
bidragsytarane våre. Det er eit mål å kunne presentere tekstar med fagleg tyngde, side ved
side ved refleksjonar rundt personlege erfaringar.

Som nemnd har Institutt for musikk ved NTNU har eit sterkt fagmiljø med ei stor breidde.
Dette er ein enorm ressurs for prosjektet, saman med alt det spennande kulturlivet i
Trondheim har å by på. Når dette innlegget vert skrive har Kamfest 2021 vorte gjennomført,
og her kunne ein finne komponistar som Ståle Storløkken, med bestillingsverket Driv, og
Eirik Hegdal, med strykekvartetten Dancing Critters, også dette eit bestillingsverk, på
programmet. Både Storløkken og Hegdal er blant ei rekke norske komponistar som skriv
spennande musikk som spenner over fleire sjangrar. Kanskje har ei slik evne til å skrive
musikk i eit vidt spenn blitt ein eigenskap norske komponistar har?

Når ein har eit prosjekt som er sterkt forankra i identitet, både personleg, musikalsk og
nasjonal, saman med musikalsk estetikk, opnar det for ei spennvidde i kva typar tekstar som
blir publisert. Som nemnd vi vil at prosjektet skal vere ein kanal for fleire uttrykk og
perspektivar rundt kva det vil seie å vere ein “norsk komponist”, ein komponist i Noreg i dag,
og for 50 år sidan. Vi vil stille spørsmål rundt kva musikk som blir framført, korleis blir den
vald ut, og kva med det som ikkje blir framført? Prosjektet si ramme på eit år gjer at
forskingsartiklar ikkje er mogleg å få til, men vi er opptekne av at tekstane som blir publisert
er av høg fagleg kvalitet og bidreg til diskusjonen.

Vi vil sjå utanfor kanon av norsk kunstmusikk, og gje plass for musikken og personane som
ikkje har fått det tidlegare. Med dette blir forhåpentlegvis prosjektet eit nyttig bidrag til
samtalane rundt norsk musikk, og kan vise breidda som finst. Gjennom tekstar forfatta av
komponistar, musikarar og musikkvitarar håpar vi i løpet av det neste året å kunne
presentere eit utval av desse mange perspektiva på “kva er ein norsk komponist?”.


Litteratur

1) Johnson, G. (Red.). (2017). Hundre års utakt. Oslo: Grappa Musikkforlag AS. 1) 2017:8
2) Ørstavik, M. (2017). [Bokmelding av Hundre års utakt av Johnson, G. (red.)]. Ballade.no,
3) Bergens Tidende. (1869, 19. arpil). Martin Andreas Udbye.
https://www.ballade.no/kunstmusikk/jubileumsbok-med-habilitetsproblemer/

Bilde av Solveig Rønning og Susanne Odijk Solbakken
Solveig Rønning og Susanne Odijk Solbakken

Rå og sakral åpning av Trondheim Kammermusikkfestival 2021

Mang en vits har nok blitt slått på årets festivalslagord “Udig festival”, men noe “udigg” var ikke å ense under festivalåpningen.

Av: Anders Olai Neerland Kruse

En fullstendig fullsatt Nidarosdom er nok fortsatt noe vi bare kan drømme om, men som festivalsjef Sigmund Tvete Vik kunne konstatere er det ganske eventyrlig å kunne sitte 400 mennesker i samme rom på konsert nå. Endelig kan vi samles igjen for å kjenne den fysiske opplevelsen av å være på store konserter – en nærmest religiøs opplevelse for mange, og hvilket rom er da bedre for anledningen enn selve nasjonalhelligdommen?

Og få musikalske opplevelser kan nok måle seg med øyeblikket under konsertens første nummer når Tine Thing Helseths krystallklare trompet møter bassdrønnene fra domens Steinmeyerorgel. Det er rent så det løper kaldt nedetter ryggen når orgelets vegg av lyd møter den enslige, men gjennomtrengende vakre trompetmelodien. Og når Helseth kommer glidende mellom publikum iført en nærmest selvlysende paljettkjole blir det himmelske bildet komplettert.

En av elefantene i rommet når det kommer til årets kammermusikkfestival er jo at festivalkomponist Caroline Shaw ikke fikk unntak fra innreiseforbudet, og dermed ikke kan være fysisk til stede under festivalen. Dette er selvsagt et enormt savn, spesielt når musikken hennes er så fylt med personlighet. Det første stykket hennes på programmet, Entr’acte, er et enormt rørende verk for strykeorkester, fylt av veldige klanger som river voldsomt i hjertet, før det brått endrer karakter og lar sin haydenske inspirasjon vise seg, like fylt av humor som det for et øyeblikk siden var fylt av ren inderlighet. Godlig plirende, med en tydelig intelligens, og alltid fylt av liv er musikken til Caroline Shaw.

Etter dette fulgte Felix Mendelssohns Strykesymfoni nr. 10 i h-moll, som lett kunne blitt malplassert blant så mye nyere musikk, men på ett eller annet underlig vis snor Mendelssohns og Shaws musikk seg sammen i minnet i en fortryllende dans. Der Shaw er innadvendt og tankefull, er Mendelssohn ildfull og dramatisk, der den ene plirer lurt står den andre med et enormt glis. Og hvordan musikerne i TrondheimSolistene danser på scenen! I fulle kast dit musikken drar dem – det finnes ikke ord for hvor godt der er å se dette live igjen.

 Så kommer Ting Helseth og kantor Magne Harry Draagen tilbake, nå med et knippe velvalgte melodier arrangert for orgel og trompet. Dette kunne lett blitt konsertens sviskeseksjon, men det ligger noe så ektefølt og åpent over de to, og kombinert med melodienes nye festdrakter fyller musikken både kropp og sjel. For en enkelt utøver å skulle veie opp mot den titanen av et orgel er på ingen måte en ingen enkel oppgave, men Helseth tar orgelet ved hånden og sammen runger de utover kirkerommet.

Konsertens siste stykke – Shaws Partita for 8 Voices – som hun mottok Pulitzerprisen for i 2013 – har blitt en av nymusikkens nyeste klassikere. Et korverk som ikke sparer på noe, her blir alle klangfarger og varianter av stemmen dratt inn i et herlig sammensurium. Glidende, tette klanger og referanser til urgammel kirkemusikk flettes plutselig sammen med knurring, tale, selve pusten blir i fokus. Hvor bassene tordner, hvor damestemmene stråler! Dette er elektrifiserende musikk av øverste hylle, mesterlig presentert av Trondheim Vokalensemble, som ikke fikk slippe av scenen uten mindre enn tre runder applaus.

Virkelig, dette var en helt magisk konsertopplevelse. Kamfest 2021 har pangstartet, og her må man bare komme seg ut og oppleve alt det andre festivalen har å by på!

KamFeståpning 2021 kor
KamFeståpning 2021 Tine T H